Barneklær og Interiør AS
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Kattnakken , Magiske ullvotter rosa

199,-

Kattnakken ullvotter til barn med antiglipp, 80% ull.

 

Ullvottar er det smartaste ein kan bruka fordi den held seg varm sjølv om den skulle bli våt. Barna klarer å bevege hendene i den sidan den er så tynn. Me har også putta på ein antiglipp inni hendene, slik at den har ein bedre gripeevne.

 

Kattnakken seier NEI til kalde hender!

 

NB! Må ikkje utsetjast for varme, då kan antiglippen bli øydelagd.

Ull må vaskast med ullvaskemiddel på ullvask. Kattnakken sine ullvottar tåler 30 graders ullvask.

NB! Ikkje bruk tørketrommel for då risikerer du å øydelegge ullet. 

 

Kattnakken anbefalar eit ullvaskemiddel som ikkje inneheld Lanolin men som er mildt mot huden. Sjekk gjerne helsekosten. Sjølv har me gode erfaringar med BabyDan og På Stell sin Ull-Shampo som også kan brukast på saueskinn. (På Stell sin ullshampo finn du no under tilbehør her i nettbutikken).

 

Det fine med ull som også gjer det så miljøvennleg er at det blir reint på 30 grader. Ullfiberen treng berre 30 grader for å opne seg opp og sleppe skiten den måtte ha innimellom fibrane. Bomull derimot blir ikkje reint før ein er opp på 60 grader.

 

Me anbefalar å vaske alt ullundertøy for seg sjølv. Med dette unngår du at ullundertøyet kjem bort i skarpe kantar frå andre plagg som kanskje har glidelåsar og borrelåsar. Om du har eit ullplagg med glidelås så hugs å lukke glidelåsen og vask den i ein vaskepose.

 

Av og til kan det vera lurt å sjekke vaskemaskintrommelen for skarpe kantar eller gjenstandar som har fulgt med inn via ei lomme full av skattar, som småstein og spiker!

Kommentarer

Share |
Kattnakken

Kattnakken


Barneklær.  Herlig regntøy til små og store barn fra Kattnakken.   Norske Silje fra Stord har lang erfaring fra tekstilbransjen og designer det herligste regntøyet til barn.   Her finner du både regndressene og sydvester og votter som passer til.  Spør oss om det er noe rundt plaggene du lurer på. 

 

Alternative produkter

Kunder som så på dette så også på

Kunder kjøpte også

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke